Mix11 laget frå Skånevik jubla over seier i Kiwi Bama Cup i Ølen tidlegare i år.Framme f.v. Max Mæland, Endre Funderud, Gert Kuijt, Liam Knutsen. Bak f.v. Malvin Nedregard, Verner Sydnes, Bjørn Marius Eliasen, Johan Tendal, Simon Nedreskår, Milla Åsheim, Vilde Winterthun og Carmen Karlsen.
FOTO: Anne-Britt Grindheim
Mi Fritid
Bli betre kjent med Skånevik IL
Kvar veke presenterer Grannar eit lag eller ein frivillig organisasjon i Etne og Vindafjord. Denne veka kan du bli betre kjent med Skånevik Idrettslag.
— Kva driv de med?— Skånevik idrettslag driv med mykje forskjellig. Hovudfokuset vårt er å kunne bidra til at medlemmene våre har tilbod som gjer at dei kan ta vare på helsa si, i form av organisert idrett, trim, ulike turtilbod eller ein runde disc-golf for dei som likar det.
— Kven passar det for?
— Me har eit tilbod for dei fleste som ynskjer å ha eit aktivitetstilbod. Trimgruppa og skigruppa vår står bak organisering av ulike turar som passar for dei fleste. Me har til dømes ansvar for lyssetjing på Kjærlighetsstien, som vert nytta av både fastbuande og tilreisande, med barnevogn, rullestol, gåande og joggande. Av organisert idrett har me eit tilbod til barnehageborn med foreldre dei to siste åra i barnehagen, før dei aukar opp i tilbod jo eldre dei blir. Me kan nemne allidrett, handball, fotball og volleyball der me enten har eit tilbod åleine, eller i saman med andre idrettslag.