Fra venstre: Astrid Stene, Lena Kolisnychenko og Audhild Heggen .
Foto: Privat
Mi Fritid
Bli betre kjent med Ølen Sanitetslag
Kvar veke presenterer Grannar eit lag eller ein frivillig organisasjon i Etne og Vindafjord. Denne veka kan du bli betre kjent med Ølen Sanitetslag.
— Kva driv de med?— Ølen Sanitetslag er ein velgjerdorganisasjon, som lokalt her i 113 år har deltatt i forskjellige aktivitetar med mål om å fremme kvinner og barns helse og livsvilkår, bidra til ein inkluderande oppvekst og skape trygge lokalsamfunn. Vi er mellom anna bidragsytar til kvinnehelseforsking, vegleiingsenter for pårørande til rus /psykiske lidingar. Me har kjøpt bilde til utsmykking på veggene i omsorgsenteret i Ølen.
— Kven passar det for?
— Alle som er opptatt av å gjere ein forskjell for andre menneske, som vil gi av si fritid i teneste for andre, og folk som liker sosialt fellesskap. Både kvinner og menn er velkommen. Den eldste er 94 år og yngste er 29 år. Vi har flest medlemmer frå Ølen og Ølensvåg, men enkelte frå Etne og Stord. Vi blei kåra til årets vervar 2022, i Norsk Kvinners Sanitetsforening som har over 500 lokallag.