Lars Granberg har flytta heim til Ølen og førebur seg på ein ny tøff sesong som proffsyklist.Pressefoto
Blant dei ti beste
Toppsyklisten Lars Granberg (29) trødde seg inn til ein 10. plass i verdscuprittet i Belgia. Det er det beste resultat hans til nå.
Av Arnhild Aaen og Irene Mæland Haraldsen
— Dette gjekk bra. Eg kom inn som nummer 10, og det er det beste eg har gjort nokon gong. Eg har vore med på verdscupritt tidlegare, men har aldri vore blant dei beste, seier ein nøgd syklist på telefon til Grannar etter at løpet i Houffalize i Belgia er avslutta.
Under løpet i helga konkurrerte Lars Granberg med 220 andre syklistar i toppklasse, og kjempa seg fram gjennom ei gjørmete løype i den belgiske delen av Ardennene der terrenget består av korte bratte bakkar.