Betre svinepris i utlandet
— Me har aldri slakta eller selt så mykje slakt som i år. Slik omfattande […]
— Me har aldri slakta eller selt så mykje slakt som i år. Slik omfattande eksport av gris som i denne sesongen, er heilt nytt for oss, fortel Svein Fatland.
Det er land som Russland, Kina, Tyskland, Danmark og afrikanske Gana som er adressat for store mengder svineslakt frå Haugalandet. Rundt 50 tonn i veka er eksportert dei to siste månadene. På årsbasis har Fatland ambisjon om 30-40 tonn per veke, som vil utgjera ca 15 prosent av heile svineproduksjonen.
— I dag får me betre betalt for svinekjøttet i utlandet enn i Noreg. Dette gir både oss og bøndene i regionen moglegheiter som kan bli svært interessante, seier Svein Fatland.