Agathe Børretzen
FOTO: Svein-Erik Larsen
Lesaren melder
Berre ein katt - i sorg
Fleire meiner det er positivt med litt
herrelause kattar i sentrum fordi dei held skadedyr unna. Men sanninga er ei anna:
Dei lid i sprengkulda, dei pressar fuglebestanden, og dei spreier parasittar og
sjukdomar til tamme kattar.
I vinter har eg vore naudhjelp for denne store,
svarte katten.
Etter mykje om og men fekk eg sjekka han for chip. Han er registrert på nokon
som har omplassert han, og flytta langt bort. Det viste seg at den siste eigaren er død. Arvingar og tidlegare eigarar
har ikkje høve til å ta han til seg. Denne katten er tam, velfødd og handterbar
– men no har han ingen fast stad å gjera av seg, for han har vore tydeleg
desperat etter varme og mat. Ei varmematte og litt mat på trappa mi er ikkje
ei permanent løysing for denne snille og gode katten, og eg har allereie ein
katt som gjerne vil ha mat og matmor for seg sjølve. Dessutan treng kattar
jamnlege parasittbehandlingar og
veterinær for å ikkje verta lokale supersmitterar.
Det er her det verkelege problemet dukkar
opp. Når eg kontaktar næraste dyrebeskyttelse (Haugesund), vert eg avvist. Dei
seier dei ikkje ser på Etne som eit område dei skal hjelpa, og dei seier dei
helst vil ha kattungar som dei lett kan plassere. Mattilsynet peikar på lokal
veterinær, men då vert det raskt slik at katten risikerer dødsdom.