Helseføretaka fryktar at for få som har vore sjuke med korona, får oppfølging for etterverknadene. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Helseføretaka fryktar at for få som har vore sjuke med korona, får oppfølging for etterverknadene.

Bekymra for dei som har vore koronasjuke

NPK-NTB: Helseføretaka er bekymra for at langt færre som har vore koronasjuke, får rehabilitering enn det tala skulle bety.

— Eg uroar meg for dei som har overlevd ein covid-19-infeksjon i heimen, utan å ha vore i kontakt med helsetenesta, og utan å ha komme seg etterpå. Vi er litt usikre på om desse pasientane har fått ei vurdering av rehabiliteringsbehov av fastlegen sin, seier Jon Ivar Sørland, leiar av Regional koordinerande eining i Helse sør-aust, til VG.

Ein studie frå Universitetet i Bergen viser at over halvparten av unge som har hatt covid-19, har symptom som utmatting, minnevanskar og konsentrasjonsproblem seks månader etter infeksjonen.

Likevel er det få som blir vist til rehabilitering, skriv Dagens Medisin , som omtalte saka først. I dei tre første månadene av året vart 81 pasientar viste til rehabilitering frå helseføretaka. 72 av desse fekk rett til rehabilitering. I tillegg vart sju pasientar overførte direkte frå sjukehus til rehabilitering ved private institusjonar i Helse nord.

Sørland meiner det må ringje ei bjølle når fastlegen veit at ein pasient har hatt covid-19 og vore dårleg.

Leiar i Norsk foreining for allmennmedisin, Marte Kvittum Tangen, seier at ho er usikker på kor store dei faktiske mørketala er.

— Inntrykket vårt er at mange pasientar ønskjer hjelp heime og ikkje har behov for å bli lagde inn på rehabiliteringsinstitusjon. Vi veit ikkje kor mange dette gjeld, eller det reelle behovet for rehabilitering.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS