Behald fridag i småskulen
Skulen har innstilt på at ein skal møta det auka timetalet med å gå over […]
Skulen har innstilt på at ein skal møta det auka timetalet med å gå over til 5 skuledagar i staden for 4, som me har i dag. Eg synest dei ikkje har tatt omsyn til følgjande moment:
I praksis får ikkje elevane kortare dagar, dei får like lange og fleire dagar når ein ser på både skuletid og tid på SFO. Mine ungar, og eg har tre som dette er aktuelt for, vil byrja på skulen 07.30 og gå heim igjen 16.05. Måndag, tysdag, torsdag og fredag. Dette vil ikkje endra seg om dei får færre skuletimar desse dagane. Dei vil berre få onsdagen i tillegg. Resultatet kan like gjerne bli meir uopplagte ungar.
Skule onsdag vil gi dårlegare leksehjelp frå heimane. Nå har me onsdagen til å ta igjen» det me ikkje har klart å følgja opp dei andre dagane.
Nokre ungar har lang kjøretid til skulen. Dei får ein ekstra kjøredag.
Familiepolitikk: Vekene er oppjaga for dei fleste barnefamiliar i dag. I Etne har me nå høve til betre å ta vare på familiane våre ved å vera litt meir heime med ungane. I dag er onsdagen ein dag der eg har tid til å prata med ungane. Ungane må ikkje piskast» ut i full fart om morgonen, og me har tid til å gjera lekser i fred og ro, og elles ta ting på sparket. Dette må då vera like gunstig for læring som å ha dei fem dagar i veka på skulen!
Det er tenkjeleg at elvane blir litt flinkare i norsk og matte med å gå på skulen kvar dag, men når eg oppsummerer, trur eg at meir tid saman med foreldra er godt for både læring og utvikling av heile mennesket. Difor dette innlegget.
Gøril Eidhammer
Etne