Cornelia Ruland (lengst til høgre) viste i september kor den vekentlege bålkaffien blir servert like innanfor gangbrua ut til Kaffiøya».
FOTO: Nils Tokheim
Båthamna er sikra
Etne kommunestyre vedtok kommuneplanen sin arealdel for 2023–2030 i desember. Etter omfattande høyringsrundar og dialog med både lokale og regionale aktørar er friområda rundt Skånevik båthamn og Leknestangen sikra, mykje takka vera sterkt lokalt engasjement.
Kommunestyret godkjente kommuneplanen sin arealdel etter fleire års arbeid og omfattande behandling. For området rundt Skånevik båthamn og Havnaklubben, som det har vore stort engasjement rundt, blir innbyggjarane no høyrde. Området blir regulert som friområde, noko som har vore eit sterkt ønske blant lokale aktørar og brukarar av plassen. Gjennom prosessen har både kommunen og lokale innbyggarar lagt vekt på betydninga av å bevara friluftsområda for framtida. Cornelia Ruland, sekretær i Skånevik båtlag, peikar på at engasjementet frå lokalsamfunnet har vore avgjerande for vedtaket. Ho meiner at vedtaket om å omregulera området rundt båthamna og Havnaklubben til friområde, speglar den sterke innsatsen frå både båtlaget og andre engasjerte innbyggarar.
— Engasjement nyttar! Kommunen har vedtatt omregulering av området rundt båthamna og Havnaklubben slik at det også framover kan vera det fantastiske frilufts- og turområdet som det i praksis alltid har vore, så no kan me endeleg sjå fram til mange koselege turar til den flotte båthamna og området rundt, også i framtida, seier Cornelia Ruland.
Debatten rundt arealplanen