I meir enn 50 saker kor den interkommunale barneverntenesta har fått bekymringsmeldingar har dei ikkje klart å halde fristen på tre månader, som dei har til å ta stilling til om det skal setjast i verk tiltak eller ikkje. I ei orientering til Fylkesmannen i Rogaland gjer barnevernleiar Dan Jørgen Eide greie for at tenesta ikkje i tilstrekkeleg grad har kunne fastslått behovet for hjelp og alvorsgrada i sakene.
Måtte avslutte tiltak
Den prekære situasjonen har ført til at barnevernet har sett seg nøydd til å fatte avslutningsvedtak i fleire av dei mindre alvorlege sakene. Det betyr i praksis at kompenserande tiltak som besøksheim, støttekontakt, SFO og barnehage er avslutta for fleire born. Det er også kutta i tiltak som rettleiing til foreldre og det er gjort færre tilsyn og rustestar enn før. Barnevernsleiaren legg vekt på at det er faglege vurderingar som ligg til grunn for at dei har tatt slike grep. Og at ein ved å prioritere ressursane på denne måten har frigjort ressursar til å kunne følgje opp sakene kor barnevernstenesta har hatt dei mest alvorlege bekymringane og elles til å gjennomgå alle bekyrmingsmeldingane som kjem inn.