Barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) oppmodar resten av Europa til å foreslå ei aldersgrense for sosiale medium, slik regjeringa har gjort.
Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Barneministeren ber Europa følgja Noreg og foreslå sosiale medium-aldersgrense
Barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) oppmodar resten av Europa til å fremja eit forslag om aldersgrense i sosiale medium, slik regjeringa har gjort.
– Korleis vi skal sikra barn og unge ein trygg digital oppvekst, er ei problemstilling som kjem opp i alle samtalar og møter eg har med dei nordiske og europeiske kollegaene mine. Oppmodinga mi til dei er å fremja eit forslag om å innføra ei aldersgrense i sosiale medium, slik vi har gjort i Noreg, seier Vågslid.
Oppmodinga hennar kom på ungdomsministerkonferansen i Europarådet på Malta torsdag, der ho heldt eit innlegg på vegner av Noreg.