Barnebarna overraska med luftig tur
Det er ikkje alle som får seg ein flytur i bursdagsgåve, men då Harald Haslemo frå Vats runda 69 år i april ynskte barnebarna å gje han ei spesiell bursdagspresang. Og sidan mor til dei to oppfinnsame jentene skulle vera med å arrangera Kulturveka i Vats første helga i juni visste dei at helikopterturar over bygda stod på programmet. Dermed var presangen i boks. Ein flytur over Vats med ein innlagt sving over heimplassen ville vera midt i blinken.
— Me ville gjera noko kjekt og ikkje berre gje han ein presang. Det er kjekt å oppleva noko i lag, seier Anna og Mari Haslemo og gjer seg klar til helikopterturen saman med bestefar.
Bak spakane i Airlift helikopteret set pilot Torbjørn Ripe. Han skal ta familien Haslemo med på ein luftig tur over Vats i det vakre og svært varme sommarvêret, og straks sikkerheitsbeltet er trygt festa og øyretelefonane er på plass ber det av garde. Sakte løftar piloten flygemaskinen opp frå helikopterplassen ved Hatteland før han legg kursen mot heimstaden til dei tre spente passasjerane. Alle som ville ha seg ein flytur denne dagen kunne koma med ynskje om kva dei ville sjå, og for jubilanten var det ekstra kjekt å få sjå heimen frå fugleperspektiv.