Frå 1. april må hundar i band når dei skal gå på tur.
SVEIN-ERIK LARSEN
Bandtvang frå 1. april: Slik unngår du frustrerte firbeinte
Den årlege perioden med bandtvang skal sikre at vilt og beitedyr får ro og avstand medan dei er i ein sårbar periode. For mange hundar betyr det ein kvardag i strammare line, medan det for hundeeigarane gjerne inneber meir planlegging kring sjølve hundehaldet.
Og kva treng ein hund eigentleg – når han ikkje lenger kan springe fritt? Korleis kan ein unngå at livet i band går ut over velferda til dei firbeinte?
– Det finst mange gode løysingar for at hunden skal ha det akkurat like bra i bandtvangsperioden som når det ikkje er bandtvang, så me oppmodar hundeeigarane til å sjå moglegheitene i staden for avgrensingane. For ja, det er eigaren som er ansvarleg for å fylle behova til hunden under bandtvangen, seier hundetrenar Johan Thomas Rønneberg, som heldt kurs i både kvardagslydnad og konkurransetrening.