2025 blei eit godt år for Vats med opning av den nye Vindafjordhallen og eit stort barnekull. Framme frå venstre: Maren Olsen med barnet Tomine, Maria H. Vikedal og Ragnhild Nesheim Myhre med Live. Bak frå venstre: Inger Louise Jøtne med Hanna, Julianne Otelie Stokland med Eirin, Therese Olsen med Ella, Kristina Lærdal med Hans, Kristin Hafstad Stokka med Torbjørn, Lisa Myhre, Stina Nordtveit med Thea, og Anna Nesheim Fuglestein og Eirik Holta med Lina.
SVEIN-ERIK LARSEN
Babyboom i fleire bygder
— Det er veldig kjekt for dei små at det blir mange
jamaldringar, så dei får mange leikekameratar. Også for oss mødrer, som får det
veldig sosialt, seier Maria Vikedal.
Ho og dottera Tuva var blant elleve barn med mødrer som tok
turen til kafeen i Vindafjordhallen denne tysdagen.
113 nyfødde, der to er innflyttarar, i Vindafjord i 2025 er
ei klar auke frå 88 i 2024. Fødselstalet har auka i dei fleste bygdene. I Ølen
steig talet frå 16 fødslar i 2024 til 21 i 2025. Skjold gjekk frå 23 til 28.
Sandeid auka frå 16 til 23. I Øvre Vats steig talet frå fire til sju, medan
Nedre Vats gjekk frå åtte til ti. Bjoa fekk fire barn i 2025, mot éin året før.
I Imsland var det ingen fødslar i 2024, men tre i 2025.