Autopass i Åkrafjorden

Fram til utgangen av 2014 reknar Hordaland fylkeskommune at denne endringa vil spara åtte millionar […]

Publisert Sist oppdatert

Fram til utgangen av 2014 reknar Hordaland fylkeskommune at denne endringa vil spara åtte millionar kroner i driftsutgifter. Fylkeskommunen er bompengeselskapet for E 134 Rullestadjuvet. Det er fleire årsaker til at innkrevjinga skal bli automatisk. I følgje ei pressemelding frå Hordaland Fylkeskommune er det naudsynt å avvikla det manuelle billettsystemet. I tillegg til at driftsutgiftene blir vesentleg mindre, har også kostnadane ved Autopass-systemet blitt halvert dei siste fem åra. Kostnadane ved Rullestadjuv-prosjektet blir ti prosent høgare enn den opprinnelege kostandsramma. Difor vil det truleg bli innkrevd bompenger fram til 2016.

Powered by Labrador CMS