Liten auke. Jordmødrene ved Sidsel Petrine Vetås si fødeavdeling tok i mot fleire fødande i 2021 enn i 2020. Arkivfoto: Eirik Dankel/Helse Fonna
Liten auke. Jordmødrene ved Sidsel Petrine Vetås si fødeavdeling tok i mot fleire fødande i 2021 enn i 2020.

Auke, men ingen fødselsboom i Helse Fonna

Fødselstala i Helse Fonna går opp frå 2020, men det er ingen fødselsboom i opptaksområdet.

Publisert Sist oppdatert

Det er helseføretaket som melder om fjoråret fødselstal på si heimeside. Der går det fram at til saman 1.753 kvinner fødde ved fødeavdelingane i Helse Fonna i 2021. 430 av dei på Stord sjukehus og 1.323 ved Haugesund sjukehus.

— Dette er 127 fleire fødslar enn året før, men ein kan likevel ikkje snakka om noko babyboom. Me skal nemleg ikkje lenger tilbake enn 2016 og 2017 for å finna betydeleg høgare tal, med høvesvis 1.911 og 1.836 fødslar, melder helseføretaket.

Auken frå 2020 til i fjor er på knappe åtte prosent.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS