Overlege ved FHI Sara Viksmoen Watle oppmodar unge menneske om å vaksinere seg mot smittsam hjernehinnebetennelse.
Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Auke av smittsam hjernehinnebetennelse blant unge
Folkehelseinstituttet (FHI) ber innbyggjarane og helsetenesta om å vere merksame på symptom på smittsam hjernehinnebetennelse hos ungdom.
I mai har fleire ungdomar i alderen 16–19 år blitt sjuke med smittsam hjernehinnebetennelse i det sørlege austlandsområdet. Hittil har fem unge blitt sjuke, fire av dei i mai. Normalt er det ein til fem unge alderen 16–19 år som blir sjuke i løpet av eit år, skriv FHI i ei pressemelding.
Eit tidleg teikn ved smittsam hjernehinnebetennelse er ofte dårleg allmenntilstand, som kan likne på influensa eller fyllesjuke. Symptom kan kome i form av feber, frysingar, hovudverk, muskelverk, ømfintlegheit for lys, kvalme, oppkast eller diare.