Auka med 100 millionar

Kari Aakra Frå eit driftsresultat på 32,9 millionar kroner i 2007, til 141,3 millionar i […]

Publisert Sist oppdatert

Kari Aakra

Frå eit driftsresultat på 32,9 millionar kroner i 2007, til 141,3 millionar i fjor, har West Contractors AS hatt ei solid auke, melder Haugesunds Avis. Verksemda i Ølensvåg hadde ei omsetningsauke frå 1,14 milliardar i 2007 til 1,28 milliardar kroner i 2008.

I rekneskapsberetninga frå styret heiter det at verksemda i 2008 gjekk klar tapsprosjekt som tidlegare har tynga rekneskapet. I tillegg har Westcon vunne på sal.
— Det blei gjennomført eit svært gunstig sal av ein industritrålar som Westcon har eigarandel i, heiter det i beretnnga.

Reparasjonar, vedlikehald av skip og riggar har auka mest, med eit hopp frå 321,2 millionar kroner i 2007 til 732,4 millionar kroner til 2008.
Likevel har nybyggavdelinga fått kjenna den økonomiske krisa. Omsetninga her fall frå 682 millionar til 366 millionar kroner på eitt år, skriv Haugesunds Avis.

Spådomane om korleis det komande året for verksemda i Ølensvåg er likevel uklare.
— Ordrereservane strekk seg inn i 2010, og me får framleis førespurnadar om oppdrag. Likevel registrerer me ein kraftig nedgang i talet førespurnadar rundt kontrahering av nybygg, står det i beretninga frå styret.

Powered by Labrador CMS