Ingvar Gjærde åtvarar mot å leggje ned stillinga som SLT-koordinator i Etne og Vindafjord.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Åtvarar mot å fjerne SLT
I samband med nærpoliti-reforma skal det opprettast ein politikontakt for kommunar som ikkje lenger har eigen lensmann. Etne er ein av desse. Ordninga føreset at det blir skrive ein samarbeidskontrakt mellom kommunen og politiet. Kontrakten skal vere styrande for korleis kommunen og politiet skal samarbeide i saker kor det er relevant.
Lensmann Ingvar Gjærde møtte Etne formannskap tysdag for å drøfte politikontakt-mandatet. Der minna han politikarane om at politikontakten ikkje er oppretta for å overta eksisterande førebyggjande arbeidet, som til dømes det interkommunale SLT-samarbeidet i Etne og Vindafjord er ein del av. SLT er ein samordningsmodell for lokale, førebyggande tiltak mot rus og kriminalitet.