Butikksjef Gerd Irene Kvamen Clausen merkar auka for alkoholfritt.
Irene Mæland Haraldsen
Alkoholfri trend
Med 1,5 millionar liter alkoholfritt i 2025 og ein auke på 12
prosent frå 2024 utgjer dette tidenes sal av alkoholfritt for Vinmonopolet. Salet
i Etne og Ølen er ikkje noko unntak.
— Alkoholfritt har fått
ein veldig oppsving. Det har auka år for år. Det går mykje i alkoholfri sider
og litt alkoholfri vin, seier butikksjefen ved Vinmonopolet sine butikkar i
Etne og Ølen, Gerd Irene Kvamen Clausen.
Sjølv om stadig fleire kundar vel alkoholfritt er det raudvin
som toppar statistikken lokalt. Særs i Etne går salet unna av den litt tyngre
vinsorten.