Inga-Cecilie Sørheim.
PRIVAT
Å vere ein sterk spelar
Har du også høyrt uttrykka "å spele spelet" og "å vere ein sterk spelar" stadig oftare dei siste par åra..? Kva betyr det å vere ein sterk spelar, og kvifor sit eg igjen med ein bismak i munnen?
Etter at reality-tv gjorde sitt inntog rundt årtusenskiftet, har talrike konsept blitt spydd ut over skjermane. Stadig fleire reality-program er nå såkalla sosiale spel. Spillet og Forræder er typiske og reindyrka eksempel, men ei rekke program heng seg på denne bølga; som Vokteren, Hotellet, Kode Rød og Boksen. Også meir klassiske program som Farmen har auka fokus på det sosiale spelet. I desse konsepta står det sentralt å stemme kvarandre ut og stå igjen som vinnar. Undervegs i prosessen gjeld det å vere kynisk og manipulere kvarandre, danne og bryte alliansar, gå bak ryggen på kvarandre; skape drama, konflikt og intriger. God underhaldning? Heilt sikkert. Men kva type framferd er det eigentleg som blir premiert her?
Eg tør påstå; her er det vaksne folk som leikar ungdomsskule igjen..! Dei dannar klikkar, stenger kvarandre ute, baksnakkar og går bak ryggen på kvarandre. Dynamikken er som eit skrekkens eksempel på miljøet i ein dysfunksjonell ungdomsskuleklasse. Den som er lukkast i dette spelet, blir kalla "ein sterk spelar" og ein som kan "spele spelet". Uskuldig moro? Er du med på leken, må du tole steken.