Haugaland og Sunnhordland tingrett
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Angreip politiet – må framleis vera under tvunge psykisk helsevern
Haugaland og Sunnhordland tingrett har i dom av mars
2026 kome fram til at vilkåra for å oppretthalde tvunge psykisk helsevern
framleis er til stades. Retten meiner det er ein konkret og nærliggjande fare
for at mannen kan gjennomføra nye alvorlege valdshandlingar dersom tvangen fell
bort. Vurderinga bygger på både tidlegare valdshandlingar, sjukdomsbiletet og
risiko knytt til rusbruk.
Knivangrep og vald mot politi
Mannen blei i 2017 dømt til tvunge psykisk
helsevern etter fleire alvorlege hendingar. Han forsøkte mellom anna å stikka
ei kvinne med kniv i hennar eigen bustad i kommunen, og gjekk også til angrep
på polititenestemenn med kniv. Same dag hadde han også stukke ein hund med
kniv. Retten la til grunn at handlingane hadde stort skadepotensiale, og at det
berre var tilfeldigheiter som hindra alvorleg skade eller død. Trass i positiv
utvikling dei siste åra, meiner retten at risikoen framleis er høg. Eit
sentralt moment er mannen sitt forhold til rus. Retten meiner det er sannsynleg
at han vil begynna å rusa seg igjen dersom tvangen fell bort, noko som kan
utløysa psykotiske episodar og vald. Retten peikar også på at mannen har
avgrensa innsikt i eigen sjukdom og konsekvensane av rusbruk.