Astrid Fjeldheim frå Tysvær reagerer på syklistar som ikkje tar omsyn til trafikkflyten
Syklist skapte kø og frustrasjon i Vats: – Sving av og slepp trafikken forbi
Det som skulle vera ei vanleg fredagskøyring
utvikla seg til ei frustrerande oppleving for Astrid Fjeldheim frå Tysvær. Då
ho kom køyrande ned Krakkabrekka i Vats, merka ho raskt at trafikken gjekk
uvanleg seint.
— Eg begynte å lura på kva som hadde skjedd,
fortel ho.
Etter kvart fekk ho auga på årsaka: Ein syklist
som sykla midt i vegen og heldt ein jamn, men låg fart – utan å gi rom for
bilane bak. Fjeldheim reagerer særleg på at syklisten ikkje tok omsyn til
trafikken, sjølv der det var mogleg å sleppa forbi.