Tore Tverå.
ARKIVFOTO: PRIVAT
Debatt
Kor mykje skal Ølen tole?
Dette er eit lesarinnlegg. Innhaldet gir uttrykk for skribenten sine eigne meiningar og haldningar.
Det kokar
i Ølen. Ikkje av framtidsoptimisme, men av ei djup uro for kva veg bygda vår
går. Medan politikarane i Vindafjord – dei fleste busette langt unna Ølen
sentrum – gjer vedtak på vedtak, er det me som bur her som må leve med
konsekvensane kvar einaste dag. Ølen står allereie midt i ei enorm utbygging av
Fatland Slakteri med store luktutfordringar, ei massiv utbygging av
høgspentnett med doble rader monstermaster, og i vest trugar nå ein
vindkraftpark med å fullføre den visuelle raseringa.
Som om ikkje dette var
nok, ser Biovind sitt biogassanlegg midt i Ølen ut til å vere nesten i boks.
Sjeldan har me sett administrasjonen i kommunen jobbe raskare enn etter at dei
mottok motsegnene frå Statsforvaltaren. Det er nesten skremmande å vere vitne
til kor mykje ressursar og pengar kommunen har subsidiert det private selskapet
Biovind med. Eit biogassanlegg midt i Ølen harmoniserer dårleg med
kommuneplanen og FN sitt berekraftsmål 11, som ein har skrive varmt om.