700 etnebuar får ny fastlege
Anders Leraal Bjørnestad er legespesialist og skal starta som fastlege i Etne kommune, skriv kommunen på si heimeside.
Han er 39 år gammal, og bur med familien sin i Vikedal. Han vil overta ledig fastlegeheimel med 500 innbyggjarar etter Eric Mills og 200 innbyggjarar frå fastlegeheimelen til Lars Steen Jensen. Han vil tiltre stillinga 1. januar 2025.
I dag er Anders tilsett ved Ølen legekontor.