Sjølv etter 50 år som avløysar har Knut Leknes (71) frå Etne ikkje tenkt å pensjonere seg.
Irene Mæland Haraldsen
50 år som avløysar
— Eg trivst i yrket, seier Knut
Leknes og smiler.
Den spreke 71-åringen har nettopp vore ein
tur innom grisehuset på garden til Sjur Aakra for å sjå til at dei nyfødde
grisungane har det bra, og nå set han kursen mot reiskapshuset der potetene
ligg klar til sortering. Knut veit nøyaktig kva som skal gjerast for å halda
hjula i gang på garden til griseprodusenten og potetbonden på Mo i Etne og
denne dagen er ikkje noko unntak.
Ein vanleg arbeidsdag startar som regel
med eit besøk i grisehuset tidleg om morgonen. Då tek Knut seg ein runde for å
sjå at alt står bra til med grisene, måkar skit og legg ut nytt strø. Grisebonden
på Mo alar opp smågris, i tillegg til å ha sau, nokre slaktegris og fleire mål
potetåker, og med rundt 40 purker som føder i snitt 15 ungar kvar kan det bli
livleg i fjøset til tider. På det meste har Sjur over 1400 smågriser å ta hand
om og då kan det vera godt å ha ei hjelpande hand.