Smittetala i landet er framleis høge.Foto: Jil Yngland / NTB / NPK
Smittetala i landet er framleis høge.

4.575 nye koronasmitta registrert siste døgn

NPK-NTB: Det siste døgnet er det registrert 4.575 koronasmitta i Noreg. Dette er det klart høgaste talet så langt, men forklaringa ligg truleg i låg registrering dagen før.

Talet for onsdag er 2.097 høgare enn på same dag førre veke.

Ifølgje VG har driftsproblem hos Norsk helsenett gjort at det vart registrert uvanleg få tilfelle den 23. november, og det var derfor venta eit oppsving for 24. november.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 2.297 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 1.859, så trenden er stigande.

Den førre toppnoteringa gjaldt 16. november og var på 2.552 koronasmitta.

Færre på sjukehus

Onsdag var 232 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var tre færre enn dagen før.

59 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 35 på respirator. Det er like mange på intensiv og éin fleire på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

Ifølgje Aftenposten var estimatet for to veker sidan at sjukehusa 21. november ville ha rundt 478 koronapasientar innlagde. Avisa skriv at ei viktig forklaring på utviklinga er at smitteveksten har stoppa opp blant dei aller eldste.

Avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet (FHI) seier at talet på innleggingar og smitta ikkje ser ut til å gå så bratt oppover som det gjorde.

— Det er ein forsiktig optimisme, men det er for tidleg å konkludere om dette er ein varig trend, seier ho.

Ved midnatt natt til torsdag var det utført 8,3 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor. I alt har 251.397 personar testa positivt.

4,2 millionar har fått minst éin dose

Til no har 4.229.770 personar fått første dose av koronavaksinen, 3.796.698 personar har fått andre og 401.398 har fått tredje dose.

Til saman er 1.049 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

59,4 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 23 dødsfall i Noreg.

Stor smitte i Oslo

Det er registrert 673 nye koronasmitta i Oslo det siste døgnet. Det er 203 fleire enn same dag førre veke.

Det får NTB opplyst av Oslo kommune.

Dermed nærmar hovudstaden seg rekord for talet på smitta for eit døgn. Smittetoppen i Oslo var 30. august i år med 680 tilfelle på eit døgn.

Til saman er 65.576 Oslo-borgarar registrert smitta sidan mars i fjor.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS