Norske bønder får no skotpremie» på 2000 kroner for kvar kalv dei sender til slakt.
Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
2000 kroner skotpremie» på kalv etter kjøtoverskot
Kjøtlageret passerer 12.000 tonn ved utgangen av 2024, viser nye prognosar. Det gjer at Nortura tek initiativ til å slakte meir kalv. Norske bønder får no skotpremie» på 2000 kroner for kvar kalv dei sender til slakt.
Målet er å redusere tilførselen av større dyr i slutten av 2024 og byrjinga av 2025. Ordninga gjeld for inntil 5000 kalvar i alderen 11 til 24 veker, skriv NRK.
Leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming, omtaler det som eit nødvendig grep». Han legg til at det gjer vondt å sende dyr med uforløyst potensial» direkte til slaktebenken.