Nytt tilbod til dei unge slår godt an. Altina Haxhiaj (15) frå Ølen (t.v.), Ingeborg Gjerdevik (15) frå Bjoa, Sina Nøkland (15) frå Ølen, Amelia Ciechanowska (15) frå Bjoa og Emi Krøger (13) frå Bjoa kosar seg på fritidlklubben Pluggen 2.0.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Nytt tilbod til dei unge slår godt an. Altina Haxhiaj (15) frå Ølen (t.v.), Ingeborg Gjerdevik (15) frå Bjoa, Sina Nøkland (15) frå Ølen, Amelia Ciechanowska (15) frå Bjoa og Emi Krøger (13) frå Bjoa kosar seg på fritidlklubben Pluggen 2.0.

15-åringar drog i gang fritidsklubb

Takka vera eit 4H-prosjekt og eit ønskje om ein stad å samlast har dei to driftige 15-åringane Ingeborg S. Gjerdevik og Amelia Ciechanowska blese nytt liv i Pluggen fritidsklubb.

Publisert Sist oppdatert

I kjellaren på Bjoa skule yrer det av liv denne fredagskvelden. Klokka har så vidt passert seks om kvelden og dei første ungdommane har alt funne seg godt til rette i klubblokalet der den nystarta fritids klubben Pluggen 2.0 held hus.

Ein gjeng speleglade gutar har benka seg framføre tv-skjermen for å spela PlayStation, medan ein annan gjeng ungdommar har slått seg ned i sofakroken for å prata om laust og fast. I naborommet høyrest lyden av små pingpongballar som sprett rundt på bordtennisbordet, akkompagnert av trillande biljardkuler frå biljardbordet og fengjande låtar frå musikkanlegget, og i den vesle kiosken ved inngangsdøra får fredagssnopet bein å gå på. Litt varm mat står også på menyen denne kvelden og på kjøkkenet ligg ferdige pizzaleiver klar til ein omgang i steikeomnen.

— Det er veldig kjekt på fritidsklubben. Eg er her nesten kvar gong. Me spelar ping-pong og høyrer på musikk, seier 13 år gamle Emi B. Krøger frå Bjoa og kosar seg saman med vennegjengen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS