Svein Ivar Langhelle hadde fleire spørsmål til ministeren.
Nils Tokheim
Debatt
Vil me sjølv ha berre fordeler medan andre tar seg av ulempene?
Dette er eit lesarinnlegg. Innhaldet gir uttrykk for skribenten sine eigne meiningar og haldningar.
Behovet for straum aukar. Ingen greier få meg til
å tru noko anna. Og det krev inngrep i naturen, enten det er frå vind, sol,
vatn eller atom ein skal henta krafta.
Eg er verken for eller imot vindkraft. Eg vil
venta med å ta standpunkt til alle sider av saka er skikkeleg utgreidd. Både
det som er positivt og negativt. For det er vel to sider ved dette og, slik at
ein må vega fordeler og ulemper opp mot kvarandre?