Høyr, i vakre Vindafjord,
elvar, og bekker syng i kor:
Ta vare på all matnyttig jord,
dette er åtvaring og alvors ord.
Takk til kvar bonde som står på,
må de nye muligheter få,
så de glade kan stå på
i den nye vår frimodig så.
For mat må jo alt levande ha,
gode muligheter, skaparen gav.
Med takk og tru kan me leva glad,
i von om at det ennå går bra.
Jordbruk i vårt fagre fedreland,
her me framleis dyrka kan.
Godt mot, til kvar kvinne og mann,
som er trufaste i sin bondestand.
Solskinn og regn, me treng begge deler,
i samklang heile naturen speler.
Gjev ikkje dei styrande motet kveler,
så vanlege folk, må jobba som treler.
Klart lyder naturen sin song,
den går vel enno sin vante gong.
Den har gitt oss alt me i livet treng,
må rettferda leva i evighet lenge.
Gjev me enno i fred får bygga og bu,
så, og hausta, veksa i von og tru.
Til rettferdsol vårt andlet snu,
be om Guds visdom, både eg og du!
Lykke til, lys framtid!
Marit Bergheim