Leif Halleland.
ARKIVFOTO: GRETHE HOPLAND RAVN
Debatt
Kommunehuset i Etne – og gleda deira
Ja, det er alltid kjekt når me kan gleda oss over noko. Det skal me unna alle å oppleva. Men eg må berre få vera litt negativ til denne gleda som har kome inn i kommunehuset. Eg har vore så heldig at eg i mange år har kunna gå turar i dei fine fjellområda me har i Etne. Tilrettelagde og opparbeidde stiar har eg vel aldri sakna. No skal eg vera så ærleg å sei at personar som kan ha ymse handikap neppe kunne gått dei turane som eg og mange med meg kan gå. Likevel, me har mange stader i bygdane våre der det går ann å koma fram for folk som har diverse fysiske utfordringar. Turvegen mellom Rus og Olalia kan eg ikkje skjøna skal vera nødvendig. Dessutan fekk me ein kommentar av ordføraren vår tidlegare i denne prosessen. Prøv å ha meg unnskyldt, Mette Heidi, var me mot denne stien kunne me berre gå på sida av han. Eg må sei eg syntes dette var flåsete og lite opplysande kommentar, rett og slett unødvendig.
Stundom tek kono og eg oss ein biltur, gjerne i nærområdet, eller over til Austlandet. Å du hendelse kor mykje godt vegarbeid me ser. Det er trafikkljos som dirigerar trafikken slik at vegen skal verta beinare, sykkel og gongsti skal koma, eller betre sikt på sidene. Det føregår slikt godt arbeid mange stader både på E 134 og E 39. Slikt kostar pengar, men dei får tydelegvis tak i nødvendig kapital. Gjennom bygda vår og nabobygdar har me ein europaveg som også har nr. E 134. Der er det ikkje mykje trafikkljos for å regulera vegarbeid.
Det er gått nokre år no sidan Sandsengen hadde med seg regjeringsfolk i traileren sin for å visa kva veg som var her hos oss og at den trong opprusting. Planar har vore lagde og kaker har vore spanderte og forterte. Men vegen er stort sett den same. Kva er det som gjer at vegarbeid kjem i stand på europavegar og andre vegar andre stader, men ikkje her. Standaren der opprusting føregår andre stader er etter mitt syn mykje betre enn vår veg». Treng me fleire ulukker for at det skal skje noko?