Åsmund Kalstveit (f.v.), Rune Bråthen, Ingvar Johannessen og Drude Isene i Motvind Vindafjord er klare for eit nytt folkemøte i Sandied.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Debatt
Kjære folkevalde, grunneigarar, naboar og sambygdingar i Vindafjord
Det har siste tida vore stort engasjement og rørsle mellom innbyggjarane i kommunen vedrørande vindkraftsaka. Det har vore folkemøte, avisinnlegg, folk som deler frustrasjon i sosiale medier av frykt for rasert natur, bu-lyst og tap av verdi på eigedommar og hus.
Om ein i dag søkjer litt andre nyheiter enn det som blir vist på TV og set seg inn i temaet, så er det lett å sjå at det ikkje berre er folk flest, men og til dømes økonomiutdanna professorar som meiner vindkraftutbyggingar er lite lønnsamt i høve til kva ein ofrar. Natur-øydeleggingane og materialbruken for vindkraft er for stort i høve til effekten ein får att, samanlikna med andre energikjelder. Rundt i Europa blir eksisterande kjernekraftverk oppgraderte og fleire nye er planlagt bygde eller er allereie under oppføring. Om nokre år når produksjonskapasiteten på desse kjernekraftverka stig så vil behovet for vindkraftutbyggingar reduserast, eller i beste fall forsvinna. Andre energisparande tiltak og alternative energikjelder er i vekst.
Gevinsten av vindkraft vil vera for liten i forhold til øydelagt natur.