Sverre Martin Strand på Midtfjellet i sommar.
Privat
debatt
Ja, me treng meir kraft, men treng det vera vindkraft?
Dette er eit lesarinnlegg. Innhaldet gir uttrykk for skribenten sine eigne meiningar og haldningar.
Eg
blei så provosert av det belærande innlegget frå Stian Skarheim Magelssen frå
Fikse Næringsforening at eg òg måtte skriva noko. Halve sanningar er dei beste
løgnene. Det er per i dag ikkje kraftmangel i Noreg som fører til høge straumprisar,
men utanlandskablane. Men det er rett at me treng meir kraft på sikt, når ”alt”
skal over på straum. Det er eit veldig press for å byggja ut meir vindkraft,
som om det skulle vera einaste alternativet. Nå er det hast på grunn av 2030 mål, og då
er det berre vindkraft som er einaste alternativet. Det høyrest ut som at berre
dei får øydeleggja Døldarhei og Slettene i Skjold, så ordnar det seg. Men så
kjem 2040 mål, 2050 mål, 2090 mål og så vidare. Litt meir kvar gong.
Kva vil vera igjen i til dømes 2090 om dei
fortset sånn, bortsett frå kanskje nasjonalparkane, som skal gjerast vanskelegare
å besøka framover verkar det som. (Ikkje at eg får oppleva dette, men eg håpar
det kan vera noko igjen til dei som kjem etter oss.) Viss einkvan leverte ein
byggjesøknad for ei hytte med bilveg fram på ein av dei stadene dei vil
plassera vindmøller, då ville ein fått ein leksjon om verdien på naturen.