Peder Lauvås håpar på hjelp frå Grannar-lesarane til å finne at hunden Freia.FOTO/MONTASJE: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Debatt
Framleis sakna, men fann noko anna
Ein septemberkveld på Osnes i Etne i år, drog vår kjære dvergschnauzer, Freia, ut på eventyr åleine. Til vår fortviling droppa ho òg fjellvettregel nummer 1: Meld frå kor du går. Eit kjært familiemedlem var dermed sporlaust forsvunnen. Etter ei natt med leiting, blei bygda varsla gjennom Facebook. Innlegget blei delt av mange, og Etne, Ølen og omegn valte å vise seg frå si beste side. Plakatar fekk me printa ut på Etne Bibliotek, og fekk dei hengt opp på alt frå Etne Senter til Hans og Grete i Ølen. Me ringte Grannar, og etter ein time prata me med redaktøren, og fekk ei sak både på nett og i avis. Og kva med sjølve leitinga? Me har aldri sett fleire menneske på Osnes enn då. Sambygdingar leita i busker og kratt, med god energi og ein stor dose empati. Bilar stoppa, telefonen ringte. Nokon leita med sporhundar, og leverte frå seg kart over kor dei hadde søkt.
Har de funne ho?», Håpar de finn hunden», Eg skal halde augo opne», var setningar me fekk høyre ofte, og for kvar rause gest og omtanke blei me sikker på ein ting; Freia si forsvinning tok eit jafs av hjartet vårt, men bygdesamfunnet var pacemakeren.
Alle oss i familien Lauvås har flytta ut av heimbygda, men er det noko som får musepeikaren til å leite seg mot ei flyttemelding, så er det å oppleve slik hjelp og støtte som me har fått. Slikt kan byane berre drøyme om.