Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Ovarie

Debatt

Arbeiderane sin fridag – lønn og likelønn

Arbeidarane sin fridag……Fortsatt er det langt igjen før kvinner blir like mykje verdsatt som menn i arbeidslivet. Eg har mange venninner med høg utdanning, men likevel tenar dei mykje mindre enn mennene sine som har mindre utdanning (og ansvar). Eg kan ta så mykje utdanning eg vil, men innan helse og omsorg er utdanning lite verdt. Både eg og andre har fleire gonger takka nei til jobbar på grunn av at relevant tilleggsutdanning me har, ikkje vert lønna. Sjølv om det er snakk om småpenger» vil ikkje stat og kommune gi lønn for ekstra utdanning.
Eg burde oppmuntre dottera mi til både kjønnsskifte og å velge mannsdominert utdanning og yrke. Helse og omsorg er ikkje viktig nok i landet vårt. For 20-30 år sidan var det veldig tydeleg at det ville bli mangel på både helsearbeiderar, sjukepleiarar, lærerer og barnehagetilsette viss noko ikkje blei gjort med lønningar og arbeidsbelastning. Der er me nå, og det undrar meg at dette blir sett på som noko ein ikkje kunne ha forhindra.
Eg har arbeida som helsearbeider i 30 år, og har aldri angra på det valget, og eg oppmuntrar dottera mi til å velge eit omsorgsyrke, – sjølv om verken ho eller eg vil få lønn som står i forhold til utdanning og ansvar, å arbeide med mennesker er ikkje så mykje verdt…..eller?
Eg starta Arbeiderane sin fridag med å finne ein nyfødt kylling, klekka ut heilt på gamlemåten. Hønsehus er ein av få plasser der hokjønn er mest verdt». Den lille kyllingen har fått namnet Ovarie (eggstokk) som ein hyllest til alle kvinnelege arbeidarar som arbeidar i omsorgsyrker på tross av elendige goder og lønn. Og eg håpar inderleg at Ovarie er ei høne, for kva i all verden skal eg med enda ein hane??

Liv Mangrud Eidhammer

Powered by Labrador CMS