Det vart tap for Frode Hundsnes og hans mannskap mot Djerv 1919 2.
Arkivfoto: Magne Skålnes
Vart eit nummer for små
Vats 94/Skjoldar møtte serieleiar Djerv 1919 2 i Haugesund måndag kveld, og fekk eit ublidt møte med det beste laget i serien for tida. Det stod 2-0 til vertane etter den første omgangen, og til slutt vart det heile 6-0 til dei blå/gule frå byen.
Vats 94/Skjoldar har hatt ein god poengfangst i det siste, og dette var det første tapet sidan kampen mot Nord i juni. Etter 14 rundar ligg Vindafjord-laget på ein trygg tiande plass med sine 15 poeng.