Mikal Vaka skåra i kampens sist minutt og ordna 2-1-siger mot Sveio. Arkivfoto
Mikal Vaka frå tidlegare i karrieren. Arkivfoto

Utflytta vågsbu senka Vats 94/Skjoldar

Eit 3-2-nederlag på Gymnasbane 2 i Haugesund gjer at Vats 94/Skjoldar nå har fire strake tap.

Gjestane fekk ein pangstart då Kristian Langeland scora etter to minutt. Gleda blei kortvarig for samarbeidslaget. Vaka, som nå bur i Haugesund og spelte seks kampar for onsdagens motstandar i 2013 så vel som mange sesongar i Ølen, utlikna ti minutt seinare. Laga gjekk til pause på stillinga 1-1.

I andre omgang skulle fire minutt definere heile kampen. Etter 55 minutt sette Vaka inn 2-1 for Djerv 4 7ar, før Langeland utlikna i det 58. minutt, og Vegard Jacobsen Nedrebø blei matchvinnar minuttet etter. Tomålscorar Langeland har bitt godt frå seg i 7. divisjon med 16 mål på 11 kampar så langt, kanskje ikkje så overraskande etter at han leverte åtte scoringar på ti kampar i 5. divisjon i fjor.

Trass litt dårlege resultat i det siste held Vats 94/Skjoldar seg på 4. plass, men fleire lag kan passere dei om dei tek tilstrekkeleg med poeng i hengekampane sine. Samarbeidslaget har ein god moglegheit til å komme på sporet igjen når dei møter tabelljumbo Nedstrand 9ar heime på Skjold stadion kommande fredag.

7. divisjon avdeling 3

1 Skjold 2 12 32
2 Bremnes 2 13 28
3 Bømlo 10 22
4 Vats 94/Skjoldar 13 18
5 Haugar 2 12 18
6 Kopervik 3 11 17
7 Djerv 1919 4 7er 13 16
8 Kolnes 11 13
9 Avaldsnes 2 13 13
10 Skudenes 2 13 8
11 Nedstrand 9er 13 7

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS