Vera Gjerde (t.v.), Hedda Gjerde og Marine Aarhus vann cupfinalen og kongepokalen i volleyball med laget sitt TIF Viking. Privat foto.
Vera Gjerde (t.v.), Hedda Gjerde og Martine Aarhus vann cupfinalen og kongepokalen i volleyball med laget sitt TIF Viking i januar. Laurdag vann dei sluttspelmeistrar.

Sport

Tredje tittel for året

Laurdag blei dei tidlegare Vindafjord IL-spelarane Hedda Gjerde (22), Vera Gjerde (19) og Martine Aarhus (22) sluttspelsmeistrar i volleyball med TIF Viking frå Bergen. Dei siste månadene har dei òg hanka inn både NM- og seriegull.

Publisert Sist oppdatert

Hedda og Vera Gjerde er søstrer og kjem frå Vikedal. Martine Aarhus er frå Sauda, men har spelt for Vindafjord IL i fleire år.

Dei fire beste laga i Mizunoligaen, det høgaste nivået i seriespelet, deltok i Final Four-sluttspelet. Kampane blei spelte i Randaberghallen fredag og laurdag.

I semifinalen fredag møtte TIF Viking Førde Volleyballklubb. Det blei 3-2-siger etter 15-13 i det siste og avgjerande settet.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS