Kristoffer Grønstad si nettkjenning vart berre eit trøystemål mot Torvastad. FOTO: MAGNE SKÅLNES
Kristoffer Grønstad scora hat trick i sesongavslutninga.

Tøff test borte mot Torvastad

Eit sigersvant Etne-lag tok turen til Torvastad torsdag for å prøve å fortsetje sigersrekkja i 5. divisjon. Men Torvastad har vore gode denne sesongen, og viste seg å vere vanskelige å spele imot. Etter å hatt initiativet i store delar av den første omgangen, gjekk heimelaget opp i 1-0 nokre minutt før pause. Fem minutt etter kvilen dobla Torvastad leiinga. Spissen Fredrik Lippestad stod bak begge skåringane.

Etne kom noko meir med i kampen etter dette, og skapte sine første sjansar i oppgjeret. Dei fekk resultat for det gode spelet i form av eit straffespark, som kaptein Kristoffer Grønstad sette inn. Mange tenkte nok at Etne kunne koma med eit nytt comeback, men heimelaget ville det annleis. Berre to minutt etter straffeskåringa, auka Georg Grønningen til 3-1 for Torvastad. Fleire mål vart det ikkje i toppkampen, og det første tapet for sesongen var ein realitet for Etne.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS