Ølen IL-troppen i sesongens første kamp mot Sveio. Bak frå venstre: Andreas Fosse, Sander Roa Totlandsdal, Casper Kvamen Clausen, Asbjørn Tronstad, Simon Rørtveit, Daniel Holten, Sølve Olaus Østbø, Sindre Knutsen og Georg Kolnes(trener).Framme frå venstre: Mats Østenstad(trener), Vegard Berge, Roger Vaka, Thomas Kirketeig, Kasper Arnestad, Andreas Madsen og Roar Lothe.
FOTO: Magne Skålnes
Starta haustsesongen med poengdeling
Ølen IL sine beste menn sparka i gang haustsesongen med ein målfest på Sveio Stadion måndag kveld. Gjestane snudde kampen etter at sveibuane hadde ei tomålsleiing til pause, men måtte ta til takke med eit poeng og 3-3.
Poengtapet blei kanskje ekstra bittert for Ølen sett i lys av at dei slo Sveio 12-0 i serieopninga i april.
Dårleg start
Det tok tolv minutt før heimelaget tok føringa på kampen med ei scoring frå Martin Sydnes. Etter halvtimen dobla Aasmund Bakke Handeland leiinga. Sveio kunne dermed ta pause med ei 2-0-leiing.