Bak frå vestre: Oktawia Karkoszka, Iwova Kuszaj, Ragna Grindheim og Monika Perzyna vann alle kampane.Foto:privat
Bak frå vestre: Oktawia Karkoszka, Iwova Kuszaj, Ragna Grindheim og Monika Perzyna vann alle kampane.

Siger for damelaget

Vann første eliteserie

Publisert Sist oppdatert

Damelaget frå Etne bordtennisklubb gjekk av med sigeren under opninga av eliteserien for kvinner i Notodden i helga.

— Dei har spelt fire lagkampar og vunne alle. Nå er dei godt nøgde, fortel leiaren i bordtennisklubben Leif Grindheim etter at den første runden i serien er over.

At dei vann over Fokus frå Oslo som er ein av dei store klubbane i landet er dei særs nøgd med. Neste runde skal spelast i Oslo i desember, før serieslutt i Notodden i februar neste år.

Powered by Labrador CMS