Ølen var klart best i opninga av kampen, og hadde fleire farlege sjansar. Spelet føregjekk for det meste på Etne sin banehalvdel, og dei grøne hadde nok med å slå unna dei første 25 minutta. Det jevna seg noko ut inn mot pausen, men Etne-trenar Ronny Moe er ikkje nøgd med at laget hans brukar så lang tid på å bli varme i trøya.
-Det har vore slik i fleire kampar no, seier han. -Me kjem ikkje skikkeleg igang ifra start.
-Men me står kampen bra, og mot slutten produserer me nok til å vinne kampen, men uavgjort er nok eit greit resultat dersom ein ser kampen under eitt.