Ingvild Skare (f.h.) og Silje Berge slo Jette Kjelgaard Klungland og Annelise Skrunes i finalen av kvinneklassen i 2021. Foto: Ølen IL
Ingvild Skare (f.h.) og Silje Berge slo Jette Kjelgaard Klungland og Annelise Skrunes i finalen av kvinneklassen i 2021.

Ny sport i vinden

Ølen IL gjentek suksessen frå i fjor og inviterer til padeltennisturnering i aktivitetsparken. Leiar Johnny Vik håpar på eit vellykka Ølen Open, både som arrangør og spelar.

Publisert Sist oppdatert

— Eg skal delta med Jan Christian Brataas. Me håpar å ta oss finalen i år! Me er i godt slag, seier Johnny Vik.

I turneringa blir det spelt double i herre-, kvinne og U16-klassar. Lag med ein av kvart kjønn spelar i herreklassen.

Sport i vekst

Padeltennis er ein av dei raskast vaksande sportane i verda. Sporten blir spela på ein 10×20 meter stor bane med eit nett i midten, akkurat som i tennis, berre noko mindre.

— Eg ser stadig folk som spelar på banen i Ølen, fortel Vik.

Eit av elementa som skil padeltennis frå tradisjonell tennis er at ein brukar veggane rundt banen, noko ein også gjer i squash. Dette er grunnen til at padeltennis blir beskrive som ein blanding av tennis og squash. Glasveggane rundt banen er 2,5 meter høge med ytterlegare éin meter gitter øvst. Ein treng ikkje vere ein rutinert spelar for å delta i Ølen Open.

— Det er supert om dei som ikkje har spelt særleg før, hiv seg med. Me stiller med utstyr for dei som vil låne det, seier klubbleiaren.

Han fortel at arrangøren skal hjelpe til dersom ein ikkje har makker å spele med, og dersom nokon vil ha litt opplæring først, skal dei ordne det også. Det blir spela etter standard padeltennisreglar som blei fastsette på 1970-talet.

— Padeltennis er lett å lære og veldig kjekt, seier Vik.

Lett å melde seg på

I likskap med i fjor melder interesserte seg på turneringa på Ølen IL sine nettsider. Klubben set opp cupspel, eventuelt med innleiande gruppespel (avheng av talet på deltakarar).

— Formatet fungerte veldig bra i fjor. Dei fleste brukte dei oppsette tidene, men kunne ein ikkje då, så avtalte ein berre nye tider internt. Det gjer det lett for oss som arrangør også, fortel Vik.

Påmeldingsfristen er 15. august. Turninga går frå 22. august til 25. september. Finalane blir spela helga 24.-25. september. Ølen IL set opp tidspunkt for kampane (tilgjengeleg frå 17. august) før deltakarane bookar banen sjølv og avtalar eventuelle endringar innbyrdes. Kampane må spelast innan ein gitt dato. Det er gratis å delta.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS