Sølve Østbø netta to gonger for Bjoa. Her blir han passa på av Ådne Nærheim. FOTO: MAGNE SKÅLNES
Sølve Østbø kom på skåringslista i kampen mot Ølen 2. Her bjoaspelaren i den førre seriekampen mot Ølen.

Måtte nøya seg med eitt poeng

Bjoa IL som er tilbake i seriefotballen etter mange års fråvær, har fått ein tung start på sesongen. Tysdag kveld såg det lovande ut då Bømlo var på besøk i 7. divisjon. Kasper Arnestad skåra tidleg i kampen etter at dommaren hadde blåse straffe, og like etter auka Sølve Østbø leiinga til 2-0 for heimelaget.

Deretter var det gjestene sin tur med tre skåringar og leiing ved sidebytte. Men Bjoa gav seg ikkje og eit mål av Sindre Knutsen berga eitt poeng og 3-3 i slutprotokollen.

Bjoa står dermed med tre poeng etter fem serierundar, og utan at det er blitt siger. Dersom den skal koma i neste kamp, må naboklubben Vindafjord IL slåast når dei to laga møtest til dyst på kunstgrasbanen i Sandeid tysdag 5. oktober.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS