Tobias Kristiansen rundar keeper og set inn Etne sitt første mål i kampen mot Finnås. FOTO: MAGNE SKÅLNES
Tobias Grønstad Kristiansen skåra to mål mot Bremnes 2 fredag. Her runda han keeper før ei skåring i kampen mot Finnås tidlegare i sesongen.

Sport

Klatra på tabellen etter storsiger

Publisert Sist oppdatert

Kampen blei spelt på ScaleAQ stadion. Etne fekk tidleg ein fordel då Ismail Ghassan Hammar fekk raudt kort for Bremnes 2 etter fem minutt. To minutt seinare gav Sebastian Davidsen Øglend gjestane leiinga.

Aldri trua

Etne-kaptein Tobias Grønstad Kristiansen auka til 2–0 og 3–0 etter 30 og 42 minutt, før laga gjekk til pause. Heimelaget blei redusert til ni mann då Khaled Yahya Aadaywi fekk raudt kort i det 72. minutt.

Johan Grønset skåra for gjestane etter 82 minutt, før Thomas Lien fastsette til 5–0 med eit straffespark på overtid.

Jamnar seg til

Dagen før Etne-sigeren spelte Ølen bortekamp mot Sveio. Det enda med eit 6–2-tap der Vemund Skjæveland skåra gjestane sine to mål. Trass tapet held Ølen seg på 3. plass på tabellen med 25 poeng på 17 kampar.

Med dei tre poenga mot Bremnes 2 klatra Etne opp på 4. plass, to poeng bak naboane. Tysdag spelar Ølen sin neste kamp på heimebane mot Finnås, medan Etne tek imot Sveio på kunstgrasbanen sin torsdag.

Powered by Labrador CMS