Sport
Juleavslutning for Etne karateklubb
Torsdag samla vaksne og barn i Etne karateklubb seg for årets siste karatetrening i 2023. Grunnet mykje sjukdom blei det ikkje så mange som forventa, men godt over 20 personer møtte opp.
— Det blei ei veldig fin trening med mykje spark, slag, leik og latter, fortel Senpai Beathe Hegerland som hadde trening som inneheldt både mageøvingar, armhevingar, knebøy, kata, spark, slag, parøvingar og godt samarbeid.
Shihan Geir snakka om at karate ikkje berre handlar om å slåst, men at alle skal vere gode med kvarandre, hjelpe kvarandre, ha respekt for kvarandre og at vi er ein stor familie. Ein karatefamilie.