Mann i 20-åra omkom i fallulukke
Ein person blei først meld alvorleg skadd etter ei arbeidsulukke i Vindafjord tysdag kveld. No blir det opplyst at ein mann i 20-åra omkom
Naudetatane har rykt ut til Vindafjord etter melding om ei fallulukke. Det opplyser Sør-Vest politidistrikt i ei melding til pressa klokka 18.08 tysdag.
Politiet melde først at ulukka hadde skjedd i Etne, men dette blei seinare korrigert til Vindafjord.
Ifølge politiet blir det gitt hjarte-og lungeredning på staden.
Klokka 18.29 melder operasjonsleiar Rune Tallaksen at luftambulansen er på veg til staden.
I følge Tallaksen framstår det som ei alvorleg ulukke.
— Det har vore ei arbeidsulukke der ein person har falle ned frå ei mast. Personen er alvorleg skadd. Luftambulansen er snart framme på staden, seier Tallaksen i ei melding på politiloggen klokka 18.36.
Oppdatering klokka 20:50:
Ein mann i 20-åra har omkome i arbeidsulukka i Vindafjord, melder operasjonsleiar Rune Tallaksen. Dei pårørande er varsla. Tallaksen opplyser at politiet opprettar sak og at årsaka til ulykka er ukjend.