Chris Jespersen vann sesongens siste skirenn. Arkivfoto
Chris Jespersen vann sesongens siste skirenn. Arkivfoto

Jespersen vann Skarverennet

Klar for ny sesong på landslaget.

Publisert Sist oppdatert

Chris Jespersen kunngjorde før helga at han takkar ja til å vera med på det norske skilandslaget i komande sesong. Laurdag stilte han til start i Skarverennet på Finse. Eit langt opphald i heimbygda Skånevik gjorde godt, og 30-åringen vann like godt det 37 km lange rennet frå Finse til Ustaoset.

Jespersen har hatt ein lang påskeferie i Skånevik, og der uttalte han at Tour de Ski blir hovudsatsinga i komande sesong. Som del av det norske landslaget, ligg han også godt an til å få gå neste års VM i Falun.

I Skarverennet gjekk Chris Jespersen i einsam majestet over mållinja på Ustaoset. Sist han vann var i 2012. United Bakeries kollegaene Niklas Dyrhaug og Curdin Perl (Sveits) spurta om andre plassen, men det var Dyrhaug som trekte det lengste strået, med personleg beste på Skarverennet, melder arrangøren på si nettside.

Sjur Røthe frå Voss leia første del av rennet. Fjorårets vinnar, og årets verdscupvinnar, Martin Johnsrud Sundby, måtte også gi tapt for skåneviksbuen.

Therese Johaug har hatt tittelen skarverennsdronning med seks sigrar dei siste åra, med unntak av i fjor då Marit Bjørgen vann. I år var Johaug attende i toppen, føre Astrid Urenholdt Jacobsen.

Rennet hadde 12.200 startande, som er maksimalgrensen for talet på deltakarar.

Herrar:

Chris Jespersen, Korevoll 1:36:16

Niklas Dyrhaug, Tydal IL 1:38:23

Curdin Perl, Sveits 1:38:26

Powered by Labrador CMS