Lars Granberg (30) frå Ølen sykla inn til ein 46. plass i VM i sør-Frankrike. Etter forholda reknar han det som eit greit resultat, etter ei oppkjøring hindra av sjukdom i vår.
Granberg nr. 46 i VM
Den lokale terrengsyklisten, som syklar for Sepura Toyota Racing with Birk, seier seg greit fornøgd med resultatet.
Eit avbrekk som følge av sjukdom i mai gjorde sitt for at toppformen ikkje var på plass i tide til VM.
— Årets VM-løype passa meg eigentleg ganske perfekt, med mange korte og ikkje så mange superlange bakkar slik som i alpene. Eg satte det dermed tidlig som ei målsetting å satse hardt mot VM og komme innafor topp 30, fortel Granberg.