Morten Frøland (t.v) skåra hat-trick og Daniel Jansen signerte for ei skåring i det tette oppgjeret mot Skånevik. ARKIVFOTO: MAGNE SKÅLNES
Morten Frøland (t.v) og Daniel Jansen held oppe dampen for Vats 94/Skjoldar også i 7.divisjon.

Godt forsvar sikra heimesiger

Vats/Skjoldar/Vik spelte sin nest siste heimekamp for året, då Haugar vitja Hatteland Stadion torsdag kveld. Heimelaget gjekk defensivt ut, og eit omstendeleg bortelag greidde ikkje å brodere seg igjennom det bastante forsvaret. Vertane kom heller ikkje til dei store sjansane, så laga gjekk mållause inn i garderoben til pause.

Det opna seg noko meir opp i den andre omgangen, og Vats/Skjoldar/Vik kom på fleire overgangar. Etter omlag timen knuste Morten Frøland inn leiarmålet frå 30 meter. Ballen gjekk som eit prosjektil inn bak Haugar-målvakta. Ti minuttar seinare auka Daniel Jansen til 2-0 etter godt spel, og sigeren var eit faktum.

Sigeren smakte tydeleg godt for heimelaget, som har hatt ein noko tung sesong. Nå ventar bortekamp mot opprykksjagande Etne i neste runde, torsdag om ei veke. Etter trepoengaren mot Haugar har Vats/Skjoldar/Vik nå åtte poeng, og legg seg litt under midten på tabellen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS